torsdag 12. juli 2012

Familieselskap



I dag fekk vi endeleg besøk. Gjestene var 5/6 Hareidsgjeng, i tillegg til besteforeldra i Ørsta og onkelen og tanta mi på Eid. Det vart ei svært hyggeleg stund, og maten var sånn nokolunde. Pavlovakakene var det jentene som pynta, og dei var veldig gode. Sjokoladekaka og Daim-iskaka var søte, men godt etande dei òg. Med litt pynt såg sjokoladekaka slett ikkje så verst ut heller. Ungane var litt skuffa då gjestene reiste, og dei spurde om det blir lenge til neste besøk.

4 kommentarer:

  1. Ja, tida går fort i godt lag, og kakene det fortare å ete enn å lage.Du må helse dei og seie at alt var godt og vi kjem gjerne snart igjen. Det gjeld sikkert ikkje berre oss besteforeldra.

    SvarSlett
  2. Det er veldig kjekt med familieselskap. Det er noko vi slit med å få til...

    SvarSlett
  3. Ja, og så er det lov å kome hit!

    SvarSlett
  4. Maten var forresten veldig god!

    SvarSlett