lørdag 14. juli 2012

Fisk og frisør

Storegut og eg har sett noko raggete ut i det siste, og i dag hadde vi endeleg frisørtime. I mellomtida fekk vi parkere småsøskena hos besteforeldra i Ørsta, og der tok Morfar dei med på fisketur. Dei hadde fått tre makrellar, som Morfar og Veslejenta fileterte, og som blir middag her i morgon.

Då vi kom frå frisøren, fekk vi nydeleg blomkålsuppe til middag, og ditto vaflar til dessert. Begge gutane har no kort og godt hår, og Minstemann synest dei nesten ser ut som "Jedward" (dei irske tvillingane i Eurovision).

2 kommentarer:

  1. Og eldstemann vart meir lik resten av slekta - berre ei ruta skjorte som manglar?

    SvarSlett
  2. Ja, han vart noko forandra, det var også meininga.

    SvarSlett