mandag 2. juli 2012

Andre bollar då Gamla kom heim

Dagen i dag starta nesten optimalt. Det var stille i heimen då Gamla vakna først, og etter morgondusjen sette eg meg ned og tenkte litt på kva vi skal bruke dei resterande seks ferievekene til. Då tikka det inn ein sms om at ei nabodame hadde nysteikte bollar viss vi ville ha. Slikt takkar ein sjølvsagt ikkje nei til!

Ut på dagen gjekk mine og nabodama sine ungar til ballbingen, der mine søte små oppheldt seg i fire, fem timar medan eg handla, gjekk tur og henta Eldstejenta.

Etter ein relativt sein middag gjekk Eldstejenta og eg kveldstur i Lisjedalen, og prata om laust og fast slik vi brukte å gjere før i tida.





Det er koseleg å feriere heime!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar