tirsdag 31. juli 2012

Bok 45 2012: "Tilgi meg" av Harlan Coben

Ei 17 år gammal jente forsvinn, om lag samtidig med at ein mann blir tatt på fersken i å ville innleie eit forhold til ei mindreårig jente. Fjernsynsreportaren Wendy prøver å finne ut kva som har skjedd, og kvifor.

Dette er tradisjonell og god krim der spenninga held fram til siste slutt, men utan nervepirrande scener. Eg likte boka godt, trass i den søtladne tittelen.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese både denne og andre av Harlan Coben sine bøker og likt dei godt.

    SvarSlett
  2. Har ikkje lese denne av Coben, men andre bøker eg har vore borte i har fenga. Skjøner godt kvifor han sel i bøtter og spann :)

    SvarSlett
  3. Eg har allereie lånt ei anna bok av same forfattar, men no les eg litt andre sjangrar ei stund.

    SvarSlett