torsdag 9. august 2012

Bok 51 2012: "Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting" av Arto Paasilinna

Bøkene til Paasilinna er ofte bygde rundt ei reise, og i denne boka møter vi ein mann som likar å samle på gamle ting. Kona, til dømes, er tjue år eldre enn han. Boka inneheld mange morosame historier om ulike gjenstandar som mannen får tak i. Alt er skrive i velkjend, heilsprø Paasilinnastil.

Boka er morosam, men kanskje ikkje den beste forfattaren har skrive. Likevel er dette godt lesestoff for dei av oss som set pris på denne typen humor.

2 kommentarer:

  1. Eg synest boka var morsom, men når ein har lese dei fleste bøkene av denne finske forfattaren ser ein at han også trakkar i gamle spor. Derfor morar ein seg mest over dei første bøkene ein les. Men for all del, eg har stor sans for denne humoren.

    SvarSlett