torsdag 16. august 2012

Evig kattepine

LOL(a) nyt livet som einebarn, men blir også sentrum for ein del merksemd. Sist helg kjøpte eg laurdagsgodt til henne (luksus kattemat), og eg har kjøpt inn diverse boksar med kattemat så ho skal få variert kost. Litt laks har ho òg fått, men dyret rynkar på snuten til alt anna enn billeg tørrfôr frå Europris.

Så og seie kvar kveld gøymer ho seg vekk når eg skal kaste henne ut for natta. Eg finn henne att på dei raraste stader (ein morgon fann eg henne sovande i vasken på badet).

Det verste er morgonane. I sommarferien har ho remja og klaga utanfor soverommet så eg har måtta sleppe henne inn, der ho har sove vidare i senga. Som regel. Nokre gonger har ho vore opplagd til action og jakta på føtene mine.

Å stå opp klokka seks er det verste med heile jobben min. Når ein blir vekt av ein katt 5.30 eller 5.10 (i dag) lever katten farleg. "Tar du nattesøvnen fra et gjennomsnittsmenneske, tar du lykken fra det med det samme", som Ibsen ville ha skrive, dersom han hadde hatt ein katt som LOL(a).

4 kommentarer:

  1. Finst det ikkje ein kattekur mot det der;-)

    SvarSlett
  2. Eg ville heller ha valt eit hundeliv :)

    SvarSlett
  3. Av dei to dyra vel eg katten. Eg er eit såkalla "kattemenneske". Lag seng og kasse til henne på badgolvet til vinteren i alle fall, så søv ho heile natta.
    Las om att bokmeldinga di om Krokodilleboka, og ikkje overraskande meiner vi stort sett det samme, om vi uttrykker oss litt ulikt.

    SvarSlett
  4. Fredag morgon vekte ho meg klokka 3.10 og var veldig blid og kontaktsøkjande. Eg meiner å ha hatt nokre ungar som har oppført seg omtrent slik.

    SvarSlett