lørdag 4. august 2012

Tur i tåkeheimen


Fredag skulle det bli fint vêr. Skodda letta relativt tidleg, og eg sette meg ut i solsteiken for å få farge på kroppen og kose meg med ei god bok. Etter litt over ein halvtime skya det over, og eg fann ut eg kunne begynne på helgavasken så lenge. Då eg hadde vaska ferdig, var det framleis overskya, så eg bestemte meg for å klippe ferdig den delen av plenen som stod att frå onsdag. Etter det var eg så gåen at eg sette meg ut uansett om det var overskya, men så vart det kaldare og begynte til og med å regne.

Eigentleg hadde eg gått så mykje i går at eg heller skulle kvile meg i dag, men då tv-en viste "intet signal" var grensa nådd. Det vart tur likevel. Nokre lesarar ser kanskje kvar bileta er tekne, men eigentleg kunne det ha vore kvar som helst.

3 kommentarer:

  1. Eg tippar Paris ! Ser i alle fall Eiffeltårnet i skodda.

    SvarSlett
  2. Merkeleg, det der, at Eiffeltårnet er vakkert, medan monstermaster er stygge. Gulfargen på båten var svært praktisk.

    SvarSlett
  3. Trur ikkje Eiffeltårnet vart sett på som vakkert då det blei bygt. Meiner å ha lese at det var svært delte meiningar om det.Men som eg plar seie:Plasser vindmøller i ein park og kall det kunst! Like fine som mange kunstverk!Gult er alltid kult.

    SvarSlett