torsdag 23. august 2012

Kjapt levert, kjapt montert

I dag tok Barnefaren med seg Storegut til Ålesund, og der kjøpte han med nokre kasser med flatpakka møblar til heimen her. Det har sine sider å ha liten bil, men heldigvis har eg fått rekognisere både på nett og på butikk, så ordren var klar.

Etter jobb og ballett-kjøring var eg temmeleg gåen, og eg sat ei stund i godstolen og grua meg til å ta fatt.

Det viste seg at hylla eg hadde kjøpt til Minstemann var temmeleg ferdig montert frå før - det var berre å bøye ut sidene og legge på hyllene. Heile prosessen var over på om lag fem minutt, og no har Minstemann ein stad å gjere av faktabøker og filmar.

Hylla heiter "Fresno", er kjøpt på Jysk og kostar kr 799

5 kommentarer:

  1. Høyrest ut som ein grei patent! Stilig hylle. Her skal det og pussast opp og kjøpast hyller ...

    SvarSlett
  2. Her manglar ein del småmøblar, og så trur eg vi treng fleire lampar utover hausten. Vi får ta det litt etter kvart.

    SvarSlett
  3. Greitt mede møblar som gir orden.

    SvarSlett
  4. Fin hylle! Hyller og skap vert net andri nok/for mykje av. Det einaste du ikkje opplyste om var måla.

    SvarSlett
  5. Meir informasjon på http://www.jysk.no/750/326/3610026/a/catalog

    SvarSlett