Etter jobb, køyring av ballerinaer og ei sein middagskvild skulle eg endeleg få ut juletreet. Eg hadde handla inn gjennomsiktig plastkasse, plastposar med "lynlås" og diverse andre posar til å legge vekk pynten sortert og klar til neste år. Alt saman fekk plass i ei kasse, bortsett frå juletrefoten, sjølvsagt.
Halve juletreet låg att på golvet etter at stammen var boren ut, og det kom vel med at eg har ny støvsugar. Dei siste nålene ligg truleg att til eg har fått vaska skikkeleg. LOL(a) var ikkje begeistra verken for at eg fjerna den nye favorittplassen hennar under juletreet eller for støvsuginga. Eg får vente til i morgon med å ta vekk dei nissefigurane ho plar leike med.
Åh, men det er jo forståelig at pelsdotten ikke er begeistret for at treet som ble tatt inn til hennes fordel blir borte! Godt at du venter med nissefigurene da ;)
SvarSlettJuletreet er populært der det ligg ute i hagen òg. Katten kjem inn med nye nåler i pelsen - jula kjem nok til å vare til påske her i år.
SvarSlett