tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år!

Trass i sjukdom og stilretting vart det til at eg kom meg på beina såpass eg fekk sett fyrverkeriet ved midnatt. Eigentleg er eg ikkje så oppteken av denslags, men i år fann vi på at vi skulle køyre innover mot Løndalen på Folkestad, der ein har panoramautsikt over Volda. Bileta vart ikkje så gode, men opplevinga av å stå der i tussmørke og sjå på fyrverkeriet var heilt spesiell.

No står det att å gjere sitt beste for at 2013 skal bli eit godt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar