onsdag 27. februar 2013

Bok 13 2013: "Juvikingar" av Olav Duun

I min tidlege ungdom las eg "Medmenneske"-trilogien av Olav Duun. Bøkene gjorde inntrykk, men eg syntest det var vanskeleg å lese så mykje dialekt. No har eg begynt på serien om "Juvikfolke", som i alt tel seks bøker, og det er ei lette å kunne høyre dei på lydbok. Hildegunn Eggen les, og dialekten vert lese på ein overtydande måte.

Handlinga i "Juvikingar" går føre seg på slutten av 1700-talet, ein stad i Trøndelag. Ein får høyre om overtru, skikkar og mykje dramatikk, til dømes drap og utanomekteskaplege graviditetar. Alt er fortalt i ein realistisk stil, utan sentimentalitet, og utan for mange detaljar om dagleglivet. Det tok litt tid å skilje personane frå kvarandre, men eg reknar med det går lettare utover i serien. Den gamle Per Anders er første generasjon som vert omtala, og han går hardt ut mot tru og overtru. Sonen Per, derimot, er meir open for tanken på andre makter enn dei menneskelege. Dette kjem mellom anna av at han og broren har drepe ein mann, og Per trur han blir straffa for dette med skrantande helse. Tonen i boka er litt tung og dyster, og menneska lever eit hardt liv med døden nær innpå seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar