
Handlinga går føre seg i ein engelsk landsby. Ein mann døyr og etterlet "ein tom stol" i soknerådet. Eit nytt medlem skal veljast, og dette fører til konfliktar og drama i det vesle lokalsamfunnet. Boka er ein slags kollektivroman som fortel om ulike lagnader i lokalsamfunnet.
Eg likte boka veldig godt. Dette må reknast som underhaldningslitteratur, med mykje drama og humor. Rowling skildrar menneske som ein kan relatere til og/eller ha sympati for og antipati mot, og boka er lettlesen og spennande.
Eg har sett boka på Prix, så eg reknar med det vert ei som mange les - kanskje eg og etter den kritikken!
SvarSlett