søndag 3. februar 2013

Tårnagentar, familiegudsteneste og kyrkjekaffi

I dag har Minstemann vore med på "hemmeleg oppdrag" i kyrkja, der han blant anna har vore på leiting etter stolne sølvting, klatra opp i klokketårnet, hadde smaksprøver i blinde og hadde luktetest som var banan, kaffi og kanel (Minstemann dikterer i bakgrunnen medan eg skriv). Les meir om "Tårnagentane" her

Prosjektet vart avslutta med ei triveleg familiegudsteneste, og der fekk tårnagentane ta seg av preika med eit lite skodespel om Jesus som fekk friske ein flokk spedalske, og der sluttpoenget er at samaritanaren kjem attende og takkar Jesus for at han gjorde han frisk. Og kven trur de hadde rolla som Jesus, noko han meistra flott? Minstemann, så klart! Og der sat den stolte mora - utan kamera!

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, så vi fekk i oss litt kake i dag òg.

No har eg fått tak i eit mobilbilete som Barnefaren har teke. Ikkje så godt reint teknisk, men det såg nesten kunstnarisk ut, synest eg. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar