I dag måtte dei to yngste vere med Gamla på jobb, trass i at det var fri-onsdag. Årsaka var at vi skulle følgje ein førsteklasse på forfattarbesøk. Denne gongen var det Ingelin Røssland som kom, og vi hadde lese nesten halve "Kunsten å inhalera" i norsktimane tysdag. Røssland sa mykje interessant om skriveprosessen, blant anna om dramaturgisk oppbygging av tekst og bruk av eit "friksjonsfritt" språk. Ho snakka ein del om bøkene sine, spesielt om "Kunsten å inhalera", og det freista i alle fall ungane mine og meg til å lese meir av forfattaren.
Her er forresten bloggen hennar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar