mandag 18. februar 2013

Bok 11 2013: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller

Handlinga i denne romanen er at tre personar skriv brev til David, som har mista hukommelsen og har i ein annonse oppfordra folk som har kjent han om å fortelje om livet hans. Ein barndomsven, stefaren og ei som har vore kjærasten hans fortel sine historier om fortida til David. I tillegg fortel dei sine eigne historier om notida.

Eg hadde stor sans for idéen bak boka, og komposisjonen er spennande. Ein blir interessert i både eg-personane og David. Eg skal til på del 2 i serien, og eg har lese at ei tredje bok er på veg. Sjølv om eg er skeptisk, håper eg at forfattaren skriv så godt at spenninga vert halden oppe.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese minst to bøker av tre, men ein bør ha heile trilogien før ein set i gang, elles går ein glipp av mykje. Minnet mitt er (litt for) kort.

    SvarSlett
  2. Einig! Har sett etter andreboka.

    SvarSlett
  3. Den tredje har ikkje kome ut enno, etter det eg forstår. Solveig kan låne etter eg har fått høyrt ferdig.

    SvarSlett