lørdag 23. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 6






Under frukosten i dag drøfta vi ulike turmål, men så kom Storegut og fortalde at han var dårleg. Dermed ville ikkje vi hine vere så langt unna han, men vi måtte handle mat, mellom anna. Kompromisset vart å køyre til Berkneset, der vi gjekk litt tur og såg på krigsminna, blant anna. Det er svært attgrodd der ute, og eg synest godt ein kunne ha rydda opp og halde ved like byggverka til tyskarane som minne for ettertida. Ungane syntest det var utruleg å sjå kor nær soldatane hadde vore gardane der ute.

Her ser de forresten korleis halsen og hua tek seg ut på eigaren (gevinsten var garn og oppskrift, og systera mi strikka, som de kanskje hugsar).

I ettermiddag fekk vi delta på vardebrenning i Volda, ei tverrpolitisk markering mot oljeboring utanfor Mørekysten, Lofoten, Vesterålen og Senja.

1 kommentar:

  1. Du kan no fortelle ungane at eg budde enda nærmare ein bunkers under heile krigen. Men der var rett nok ikkje kanonstillingar.

    SvarSlett