tirsdag 12. februar 2013

Bok 9 2013: "Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen" av Jakob Lothe og Anette Storeide (red)

I denne boka møter ein fem som har vore politiske fangar i Sachsenhausen og tre jødar som har overlevd Auschwitz. Dei fortel om opplevingane sine utan å verte styrde for mykje av dei som har skrive dei ned i ettertid, og det er sterke historier utan for mykje sentimentalitet.

Noko som går att i historiene frå Sachsenhausen, er at pakkane frå Røde Kors var avgjerande for at mange av dei norske fangane overlevde. Nokre omtalar dessutan Øverland og Gerhardsen som viktige personar i leiren. Elles går det att at dei mangla mat, at dei måtte arbeide hardt og at dei sanitære tilhøva var fryktelege. Alle tidsvitna peikar på flaks som den viktigaste årsaka til at akkurat dei overlevde, og dei nemner fleire døme på at menneske har gjort gode gjerningar mot dei slik at dei har overlevd. Ei av desse gjerningane var at ein jøde hadde som oppgåve å skrive ned fangenummer på personar som skulle i gasskammeret, og så såg han eit nummer han trudde var kameraten hans sitt. Jøden fjerna nummeret og erstatta det med eit anna, og dermed overlevde tidsvitnet i boka. Det høyrer med til historia at det var feil nummer, for desse to kjende ikkje kvarandre.

Tidsvitna fortel òg litt om tida etter krigen. Vi får høyre korleis det var å kome attende til Telavåg etter at bygda var rasert, og om korleis det var å vere den einaste levande i familien sin. Her er ein del bitterheit mot norsk og svensk politi, men òg tankar om at ein ikkje skal hate det tyske folket.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar