tirsdag 19. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 2





Frukost tek si tid når ein er mange og likar å stå opp til ulik tid, men vi kom oss ut på tur i samla flokk medan sola skein. Turen gjekk til Mjeltvika og gjennom skogen til Kile, den same turen som eg gjekk førre onsdag. I dag hadde snøen regna vekk, men det vart ein vårleg og fin tur.

Etter turen laga vi oss middag, og i bloggande stund har vi så smått begynt å styre litt før selskapet i morgon. Det blir kjekt å samle mange her igjen!

2 kommentarer:

  1. Og vi gler oss!
    Eg har retta 2 klassesett med 100-poeng i dag. Så no vert det ferie og fri!

    SvarSlett
  2. Så flink! Her blir det retting frå og med torsdag...

    SvarSlett