torsdag 9. mai 2013

Bok 31 2013: "Skråninga" av Carl Frode Tiller

Eg har tidlegare lese "Innsirkling"-bøkene av same forfattar, og dei likte eg svært godt. Dei bøkene handlar om ein person som set inn ein annonse i avisa om at han ikkje hugsar noko frå livet sitt, og han ber folk som kjenner han om å fortelje om livet hans. "Skråninga" er skrive mykje i same stil, men med eit meir spennande og dramatisk emne. Vi møter ein hovudperson som er pasient på ein psykiatrisk institusjon, og gradvis og fragmentarisk kjem fortida hans fram gjennom at han skriv ned minne frå livet sitt. Tanken er ikkje så frykteleg original, men fortida til personen er både spennande og skremmande, noko som gjer dette til ei svært god bok.

Språkleg ser eg svært mange likskapstrekk mellom "Innsirkling"-bøkene og "Skråninga". Tiller har sin eigen repetitive skrivestil, og eg synest den er meir poetisk og verknadsfull i "Innsirkling"-bøkene enn i denne. Kanskje er det fordi "Skråninga" var debutboka, og stilen ikkje var så finslipen enno, eller så er det fordi tre bøker i ein såpass særeigen skrivestil vert i meste laget.

"Skråninga" var Tillers debutbok, og den fekk fleire prisar då den kom. Det skjønar eg godt, for den er verkeleg spennande og gripande, nesten som ein kriminalroman.

1 kommentar:

  1. Eg meiner at eg har lese denne boka også, men det må vere lenge sidan, for eg hugsar ingen ting.

    SvarSlett