lørdag 25. mai 2013

Bok 34 2013: "Tirsdagsdamene - Reisen til Lourdes" av Monika Peetz

Dette er ein lettlesen roman som er skriven om og for kvinner, og då kanskje spesielt kvinner midt i livet. Såleis burde den passe godt for meg, og eg har kosa meg veldig med lesinga.

Handlinga dreiar seg rundt fem kvinner som har møttest på franskkurs og deretter innleidd eit nært vennskap, trass i at dei er svært ulike. Ei av kvinnene har mist mannen sin etter lengre tids sjukdom, og ho er fast bestemt på å fullføre den pilgrimsvandringa til Lourdes som han måtte avbryte då han vart altfor sjuk. Venninnene bestemmer seg for å følgje henne, og dermed er det duka for intrigar, avsløringar og aukande sjølvinnsikt blant kvinnene.

Personane kan verke noko stereotypiske, men det gjer det lettare å halde dei frå kvarandre medan dei les. Min favoritt er den forfengelege Estelle, som ofte har ein humoristisk replikk når problema tårnar seg opp. Handlinga er somme tider føreseieleg, men alt i alt er det ein artig roman som høver godt som solsenglektyre.

3 kommentarer:

  1. Er der fleire romanar om tirsdagsdamene?Meiner er har sett andre titlar. Finst dei som lydbøker.

    SvarSlett
  2. Ligger på nattbordet mitt, lest noen sider for lenge siden. Det var mange som skrev positivt om denne en periode og derfor ble den innkjøpt. Den virker på meg som du beskriver den. Derfor har den ikke vært prioritert hittil.

    SvarSlett
  3. Der er ei bok til, og den har eg bestilt på biblioteket. Tittelen er "Syv dager med tirsdagsdamene". Eg likar å lese mange typar bøker, og denne er av den lettlesne sorten.

    SvarSlett