fredag 10. mai 2013

Lærarlooken denne våren: martyrmine og glorie

  • Hagearbeid
  • Fjellturar
  • Nedvask av kjøkenskap
  • Husvask
  • Rydding av bod
  • Lese bøker
Lista er lang over hyggelege og/eller nyttige ting eg har lyst til å gjere, berre eg blir ferdig med rettinga. Nokre få timar står att før eg har fått unna siste tentamensbunken, men eg har eit håp om å kunne få begynt å gjere litt anna før den nye arbeidsveka tek til. Med litt ekstrainnsats no kan eg kanskje ta rettefri i heile to veker før dei 200 eksamenssvara tikkar inn i slutten av mai.

1 kommentar:

  1. Berre ei lita trøyst: Noko av arbeidet kan kombinerast med lytting av lydbøker.
    Elles er det ei god kjensle å ha fått unna rettingsarbeidet slik at ein kan få pusterom.

    SvarSlett