mandag 27. mai 2013

Kva er eit bibliotek?

I ein norsktime i dag snakka vi om neste års fordjupingsemne i norsk. Digresjonar blir det ofte mange av ved slike høve, og eg kom etter kvart inn på idéen om bibliotek.

På eit bibliotek kan ein gratis låne varer til rundt 300 kroner pr stk, og levere dei attende etter fire veker. Vert du for sein med å levere dei attende, må du kanskje betale eit lite gebyr, men stort sett er heile tenesta gratis. På det lokale biblioteket i Volda har dei ei god nettside der eg kan reservere bøker eg har lyst til å lese, og så sender dei meg ein sms når boka er tilgjengeleg.

Sjølv les eg mellom 50 og 100 bøker i året. Dette hadde blitt ein temmeleg stor utgiftspost for meg dersom eg måtte kjøpe alle bøkene til full pris, og eg hadde måtta bygd på huset for å få plass til fleire bokhyller. Ved å vere bibliotekbrukar kan eg lese dei bøkene eg har lyst utan å absolutt måtte eige dei.

Elevane mine synest ofte eg er litt rar. Nokre av dei hatar norsk, synest det er ei plage å måtte lese litteratur og ser ikkje det heilt store ved å kunne låne bøker gratis. Når ein veks opp med internett og parabol vert ikkje magien i bøkene like stor som når ein veks opp med bokbåt og bibliotekfilialar som små kulturelle oasar. Sjølv vaks eg opp i Ørsta, med biblioteket i det då nybygde samfunnshuset som ein naturleg møtestad etter endt skuledag. Framleis set eg ofte meir pris på ei god bok enn eit halvgodt tv-program, og eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til å lese.

Korleis får ein så ungdomar til å like å lese?
Er det for seint å begynne å lese når dei er 18?

I første omgang har eg no snakka ein del om bøker som andre elevar før dei har likt å lese. Nokre har tilstått at dei har lese nokre av dei bøkene eg har nemnt, og vi har snakka litt om kva typar bøker som finst, ulike sjangrar og liknande. Neste skritt blir kanskje å ta dei med på skulens flotte og nyoppussa bibliotek.


2 kommentarer:

  1. Før KJØPTE eg bøker, og det hopa seg opp i hyllene. Støv samla dei også. NO velsignar eg biblioteket der eg kan levere bøkene etter bruk. Ein fantastisk institusjon, og eit av få gratis tilbod. Men eg vaks opp med bøker som nesten einaste underhaldning, og lærte å lage mine eigne "bilde". Eg har den trua at ein må begynne TIDLIG å lese til barn, og ikkje berre bildebøker. Men det virkar ikkje alltid det heller.Kjærleiken til språket kjem også etter kvart når ein les mykje.Eg synest synd på dei som ikkje har opplevd magien med ei god bok.

    SvarSlett
  2. Eg har ein norsklærarkollega som seier ho begynte å setje pris på litteratur fleire år etter ho var ferdig på vidaregåande. Kanskje er det ikkje noko som heiter "for seint", berre ein blir hekta.

    SvarSlett