torsdag 30. mai 2013

Bibliotektvang

Som ledd i førebuinga til neste års fordjupingsemne, tok eg i dag med meg gjengen min på skulebiblioteket. Vi har eit flott bibliotek og ein særs dyktig og hjelpsam bibliotekar, som eg sjølvsagt hadde kontakta på førehand. Mål for timen i dag var at dei skulle sjå seg omkring og finne/låne noko dei ville lese. Fleire tilstod då at dei allereie heldt på med ei bok eller ein bokserie, og eg fekk snakke litt med nokre av dei på tomannshand. Nokre "hatar norsk", men fortalde at dei hadde lese store mengder Bobseybarna-bøker då dei var yngre.

Dei fleste tok med seg ei bok. Nokre valde å bruke timen til å lese teikneseriar og aviser, og eg prøvde å formidle at det òg er norskfag (som dei same "nokre" altså hatar). Andre fann kjærleiksromanar, biografiar, filmar og dokumentarromanar.

Tilfeldigvis kom eg over denne artikkelen, og den trur eg blir dagens tekst på måndag!

4 kommentarer:

  1. Vi driv og med tvangslesing i håp om å frelse nokon. Mottoet er at ei bok i året (eller livet som nokre hevdar) er betre enn inga bok.

    SvarSlett
  2. Det finst bøker for alle interesser, men ein må kanskje få hjelp og rettleiing for å finne den rette.

    SvarSlett
  3. Det gjeld å få folk på trua!

    SvarSlett
  4. Eg har trua på reine gutebøker for dei unge gutane. Gutar og jenter ER ulike, og det har ingen ting med likestilling å gjere.

    SvarSlett