"Fars krig" er ei biografisk framstilling av den innsatsen faren til forfattaren gjorde under andre verdskrig. Faren til Bjørn Westlie var nazist, og han verva seg frivilleg til å kjempe på tysk side på Austfronten. Dette har gjort forholdet mellom far og son noko problematisk, men faren har teke opp si eiga historie på kassett, slik at sonen kan høyre på det når han er klar for det.
Eg synest som kjent andre verdskrig er uendeleg interessant, og eg finn stadig nye vinklingar som gir nytt innsyn i problemstillingar på den tida. Westlie si bok er ei slik ny vinkling for min del, og eg likte den godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar