Då eg første gong blogga om denne boka om sommaren 2009, uttrykte eg eit ønske om å lese den ein gong til, gjerne i samband med at eg las "Vindens skygge". Eg skreiv dessutan at eg fekk lyst til å reise til Barcelona. No er Barcelonaturen bestilt og eg har nyleg lese "Vindens skygge", så tilhøva låg godt til rette for ei ny lesing av denne romanen.
Innhaldet i romanen er vanskeleg å skildre. Stemninga står mest sentralt, der eit Barcelona anno 1920 framstår som dunkelt og litt skummelt; mystiske menneske jaktar på kvarandre, og ein finn inspirasjon frå andre bøker, som til dømes Faustus og Jane Eyre. Ei bok av Charles Dickens vert nemnd fleire gonger, og byen i boka kan minne mykje om Dickens' London.
Boka kan anbefalast på det sterkaste, men det er ei bok som krev ein del av lesaren.
Eg fekk relativt lite ut av denne boka då eg las den. Kanskje eg må lese den om att, slik eg gjorde med "Vindens skygge".
SvarSlett