tirsdag 2. juli 2013

Bok 41 2013: "Vindens skygge" av Carlos Ruiz Zafón

Denne klassikaren las eg for om lag ti år sidan, men no fekk eg lyst til å lese den ein gong til. Det var lite eg hugsa frå sist, og boka er såpass komplisert at ein godt kan lese den fleire gonger for å få med seg alt.

Handlinga startar med at ein gut får ei bok, og at merkelege ting skjer i etterkant, når han prøver å finne tak i fleire bøker av same forfattar. Ein er usikker på kva som er fantasi og røyndom, og dette held spenninga oppe. I tillegg er her fantastiske karakterar med humoristiske replikkar og melodramatisk framferd.

Hovudårsaka til at eg las denne boka akkurat no, er at den er kjend som ein av dei største Barcelona-romanane. Det blir kanskje tid til fleire slike før kollegaturen i haust, og kanskje tid til å lese denne romanen ein gong til etter eg har vore i byen.


3 kommentarer:

  1. Det er ei av dei bøkene som har gjort inntrykk. Er det verkeleg 10 år. Eg las den i alle fall i papirutgåve.

    SvarSlett
  2. Eg har lese den to gonger- og tek den gjerne ein gong til. Den er mangfoldig!

    SvarSlett
  3. Jeg leste den for noen år siden, og den sitter i meg ennå. En herlig roman! Jeg liker atmosfæren i den veldig godt!

    SvarSlett