Gamla er glad i å gå på tur, og i å køyre til nye stader for å sjå vakker og spektakulær natur. Ungane set minst like stor pris på turar som den vi hadde laurdag, då vi køyrde til kjøpesenteret på Moa, like utanfor Ålesund. På handlelista stod blant anna sommarklede, sandalar og solkrem, og det var ikkje lite vi fylte inn i bilen. Mesteparten var kjøpt billeg og på sal, for sesongen er absolutt på hell n når vi snart skal ut på tur.
Minstemann hadde fått ein 200-lapp i gåve for ei tid sidan, og den hadde han med på shopping. Han bar den med seg frå butikk til butikk heile dagen, og til slutt fekk eg ut av han kva han ville kjøpe seg. Det var nemleg eit nytt slips.
Middagen inntok vi på favorittrestauranten til ungane, Mc Donald's, og så stoppa vi hos besteforeldra og fekk vaflar, is og kaffi.
Vel heime vart Minstemann travelt oppteken med å lage ein ny slipsvideo:
Det spørs om der er stilige slips i Tyrkia!?
SvarSlettDet hadde han ikkje tenkt på! Kanskje han må få seg ein fez òg?
SvarSlettSpørs om dei brukar det saman med slips?
SvarSlett