mandag 16. september 2013

Nysnø i fjella

Etter ei regnfylt helg var det klart for ein regnvåt måndag. Jobbdagen gjekk sin gang, og deretter kjørte eg ballerinaene til Ørsta og for sjølv for å besøke foreldra mine. Ikkje verst å få servert middag, for deretter å få med middagsrestar heim til dei hine! Etter å ha kjørt ballerinaene heim, jobba eg litt før eg henta Minstemann på speidar. Då eg til slutt kunne parkere bilen for i dag, såg eg nysnøen i fjella, og knipsa eit par bilete frå verandaen. I kveldinga er det berre freistande å sige ned i godstolen, tenne nokre stearinlys og kose seg med ein film eller noko saman med ungane. Hausten er ei fin tid, sjølv om det er vemodig at sommaren er over og det går mot mørkare tider.


7 kommentarer:

  1. Er det dette fjellet som heiter Keipen? DEt ser i alle fall ut som ein keip. Du kan no sjå vinteren lyst i møte, no når du har VED.

    SvarSlett
  2. Nei, dette er på hi sida av Kilspollen, og eg er ikkje sikker på kva dei fjella heiter. Og eg synest hausten kan vere fin, men likar ikkje mørke ettermiddagar.

    SvarSlett
  3. Fjellet heiter Kvasshornet. Fin tur om du går opp frå Dalsbygda . Lisjebøvatnet til endes. Opp til vatnet under Trollvasstinden og opp på flata før du går opp ura til toppen. Dette er nabofjellet til Trollvasstind og Bytingstind. Å gå over knivsegga er ikkje å anbefale:-) iallefall ikkje uten tau og kjentfolk.....og helst ikkje med høgdeskrekk:-D

    SvarSlett
  4. kvivsegga er ikkje gale, meinar at det er unødvendig med tau der, men ein skal vere sikker på ein tåler høgder
    den er kritisk om ein har høgdeskrekk

    SvarSlett