Dette er, etter det eg har forstått, den første boka i ein serie som skal handle om 1900-talet. Vi møter tre små gutar som vert farlause og dermed vert sende til Bergen som læregutar. Fordi dei viser seg spesielt flinke, vert dei påkosta ingeniørutdanning i Dresden, og derifrå fyl vi dei to eldste brørne gjennom arbeidet deira på Bergensbanen (Lauritz) og i Afrika (Oscar).
Boka er interessant og spennande til tider, men etter mitt syn er der for mange perifere personar som forsvinn "ut or soga". Det kan hende desse personane dukkar opp seinare i serien, så eg tek eit lite atterhald. Tida går dessutan ganske fort, og spesielt første verdskrig blir noko kortvarig nemnd. Trass i desse innvendingane kjem eg truleg til å lese resten av serien.
Eg tykte boka var lettlesen og grei på den måten. Særlig "djup" var den ikkje. Har lese andre boka også, den var litt treigare, og no ventar eg på nummer tre som skal kome i desse dagar.
SvarSlett