Av og til skjer det at ein begynner på ei bok, gjer seg opp meiningar og forventningar om kva den skal handle om - og blir totalt overraska. Dette er ei slik bok, og eg vil derfor ikkje røpe for mykje av handlinga og såleis spolere leseopplevinga til andre. Det får halde at eg røper at synsvinkelen er delt mellom ei kvinne og ein mann som er gifte med kvarandre, og at kvinna forsvinn på den femte bryllaupsdagen deira.
Eg vart veldig begeistra for boka, og hadde inga aning om korleis den skulle utvikle seg og slutte før den var slutt. Slike opplevingar er relativt sjeldsynte for oss som les mykje, og det er dermed ekstra kjærkome. Det er dessutan ei slik bok som får ein til å tenkje vidare på ein del av dei temaa som vert problematiserte, spesielt når det gjeld ekteskap og samliv.
Glad for at du likte denne boka, for det gjorde eg også. Eg fryda meg med å ha den på øyret mens eg rusla rundt her på Bøen. Eg var litt bekymra for at slutten skulle bli heilt mislykka, men i staden blei den skikkelig elegant.
SvarSlettEinig i det! Ein dårleg slutt ville ha øydelagt resten av boka.
Slett