tirsdag 10. september 2013

Bok 56 2013: "Jomfruen fra Norge" av Tore Skeie

Då eg plukka opp denne boka, var det fordi eg trudde den skulle handle om den unge kongsdottera Margrete, som omkom på reisa til sitt eige bryllaup. Boka begynner med å fortelje om henne, men ho er skuffande fort "ute or soga" - mykje fordi det er lite historisk stoff å finne om kvinner og born generelt, og unge jenter spesielt, frå eldre tider. I staden handlar boka om menn som kjempar mot kvarandre om makta i Noreg, Sverige og Danmark tidleg på 1300-talet. Spesielt sentralt står kong Birger av Sverige og dei svikefulle brørne hans, Erik og Valdemar. Dei vert forresten gifte med kvar si norske kongsdotter, som begge heiter Ingeborg, og Ingeborg Håkonsdotter får sonen Magnus Eriksson, som blir arving til den norske trona.

Boka er interessant og lett å lese, trass i at så mange har same namna. Eg kan ikkje nok om historia til å kunne seie om alle fakta er korrekte, men det verkar i alle fall truverdig. Forfattaren problematiserer dessutan kjeldebruken ved nokre høve.

Eg likte boka godt, trass i at eg ikkje var spesielt oppteken av denne historiske perioden på førehand. Ein får eit godt innblikk i kultur, krigføring og intrigespel, og det er gjerne interessant uansett kva land eller epoke det handlar om.


4 kommentarer:

  1. Dette stoffet var eg opp til i munnleg eksamen i historie i 2. klassa i 1981.

    SvarSlett
  2. Hjelpe meg, det står det respekt av!

    SvarSlett
  3. Dette var ikkje akkurat stoff som gjekk inn i mitt historiepensum frå DH 1986-87. Før den tid var eg ikkje spesielt interessert i faget. Historiske filmar og romanar har eg alltid likt. Er dette ei lydbok?

    SvarSlett
  4. Nei, det var ei papirbok. Lånte den på jobb før ferien, men det vart mindre lesing enn forventa i sommar.

    SvarSlett