lørdag 10. januar 2015

Bok 2 2015: "Bursdagsgaven" av Sue Monk Kidd

I denne boka møter vi to eg-personar, som vekslar på å ha synsvinkelen. Den eine stemma er ei kvit overklassejente i Charleston på byrjinga av 1800-talet, og den andre er den svarte slavejenta som vart gjeve til den kvite jenta i bursdagsgåve på 11-årsdagen. Boka handlar mykje om perioden før slaveri vart forbode, men aller mest om den kvite jenta og systera hennar, som vart aktivistar og folketalarar. Boka er basert på ei sann historie, og forfattaren forklarer i eit langt og omstendeleg etterord kva som skil romanen frå røyndomen.

Eg har likt å lese denne boka. Det er ikkje stor litteratur, men interessant og gripande innhald. Den når ikkje opp til kvaliteten i "Bienes hemmelige liv" av same forfattar, men er svært mykje betre enn "Granateplene", som eg ikkje hadde sans for i det heile.

2 kommentarer:

  1. Enig i alt du skriv om boka. (Skreiv vel noko liknande sjølv). Viss du skal på kurs med Charlie på mandag, kan du vel stikke bortom ein tur og få Renberg-boka bl.a.

    SvarSlett
    Svar
    1. Charlie og eg skal på trening tysdag, viss alt går etter planen. Då har eg truleg lese ferdig ei anna bok eg har lånt i Ørsta, på papir.

      Slett