lørdag 31. januar 2015

Sightseeing på siste januardag

Bakketunet på Bjørke


Bakketunet på Bjørke (delar av det er frå 1500-talet)

Erkegarden, som snart skal restaurerast


Utsikt mot Viddal

Otolehornet i bakgrunnen

Dagens utflukt gjekk først til Bjørke, der vi såg oss litt omkring i bygda før vi fann ut at vi skulle gå tur på gamlevegen som er blitt erstatta av ein tunnel mot Leira. Det var ein flat og fin tur, men eg må innrømme at eg var litt redd for steinsprang. Oppe i fjellsida såg vi to ørnar som flaug rundt ei stund før dei sette seg i kvart sitt tre. Eg kan ikkje hugse å ha sett ørnar sitte i tre tidlegare, og desse såg svært store ut.

Planen var å handle på Grodås, men vi enda opp med å køyre til Eid fordi vi hadde lyst på sushi. På Rema møtte eg ei kusine av søskenborna mine, og det var kanskje 30 år sidan førre møte. Det var eit kjekt gjensyn!

2 kommentarer:

  1. Flotte bilde! Bakketunet ser interessant ut. Kan ein kome inn i husa nokon gong?

    SvarSlett
  2. Det er eg usikker på, men kan finne det ut.

    SvarSlett