søndag 1. februar 2015

Bok 10 2015: "Slåttekar i himmelen" av Edvard Hoem

Hovudpersonen i denne romanen er oldefaren til forfattaren. Forteljinga startar i 1874, då oldefaren var 36 år og fann ut han skulle gifte seg på nytt. Oldefaren er husmann, og vi får høyre om slekta og naboane i Fræna. Nokre av dei utvandrar til Amerika, noko eg syntest det var spesielt interessant å lese om.

Forfattaren skriv godt, og eg likar ekstra godt å lese lydbøker der det er han sjølv som les. Han har ei vakker stemme og les svært godt. Å skrive romanar basert på historiske hendingar er ein sjanger eg likar, då eg trur forfattarane av slike bøker etterstrebar å gi historisk korrekte framstillingar, samtidig som dei diktar inn både drama og melodrama.

2 kommentarer:

  1. Eg skal snart begynne på denne! Gler meg!

    SvarSlett
  2. Eg tenkte då eg las den: "At noko så enkelt kan bli så bra.! " Eli las eit kapittel frå boka på pensjonistmøtet- Ho las også godt.(Ho er frå Fræna). Referatet mitt kom ikkje laurdag, så vi får håpe det kjem tysdag.

    SvarSlett