lørdag 2. mai 2015

Bok 32 2015: "Sneen på Kilimanjaro og andre noveller" av Ernest Hemingway

Eg har ikkje gode røynsler med å lytte til noveller på lydbok, då tempoet vert for høgt for å få med så fortetta tekstar. Likevel let eg meg freiste til å lytte til denne lydboka, som er glimrande lesen av Finn Schau.

Handlinga i dei sju novellene er lagd til ulike stader og tider, og innhaldet er sterkt og gripande. Hemingway skriv godt, med ein slags brutal ærlegdom som undertone. Det er mykje tankevekkjande stoff i denne novellesamlinga. Likevel vil eg anbefale alle å lese noveller i papirutgåver, då det fort kan bli forvirrande å høyre fleire noveller etter kvarandre på denne måten, utan pausar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar