onsdag 13. mai 2015

Bok 34 2015: "Landstrykere" av Knut Hamsun

Denne boka er det første bandet i August-trilogien til Hamsun. Eg har sett film eller tv-serie basert på boka, så innhaldet var kjent, men det har likevel vore artig å lese boka. August er ein fantasifull skrønemakar, elles møter ein Edvart, Ragna, Lovise Magrete og Mathea, og den pussige "ur-jøden" Papst. Handlinga strekkjer seg stort sett langs Nordlandskysten til Fosen, og her er mange skildringar av folkeliv og forhold som peikar fram mot seinare nordnorske forfattarar.

I motsetning til bøkene om Segelfoss er ikkje desse lydbøkene så godt innlesne, og ein saknar dialektpreget som bøkene er skrivne med. Eg må dessutan innrømme at eg slit litt med å sjå at dette er same forfattar som han som skreiv "Sult", som framleis er ein av mine absolutte litterære favorittar.

1 kommentar:

  1. Eg begynte på den serien ein gong, men hugsar ikkje kor langt eg kom. Eg likte ikkje opplesaren.
    Elles veit du vel at Hamsun skreiv berre EI god bok, etter forståsegpåarane si meining. Nemleg SULT. Eg likte no godt Markens grøde også, då.

    SvarSlett