mandag 4. mai 2015

Bok 33 2015: "I skyggen av banyantreet" av Vaddey Ratner

I debutromanen sin fortel Ratner ei historie om ein familie som opplever borgarkrigen i Kambodsja, og dei grusomme handlingane til Røde Khmer. Boka har eit barns synsvinkel, og Ratner var sjølv eit barn på fem år då Røde Khmer kom til makta. Som hovudpersonen var ho òg fødd inn i ei kongeleg slekt, noko som automatisk gjorde familien til fiendar av revolusjonen. I boka ser vi korleis folket i Kambodsja vart tvangssende bort frå heimane sine for å dyrke ris og gjere anna hardt arbeid, medan dei fekk altfor lite mat og vart hersa med av leiarane i Organisasjonen.

Eg synest slike romanar som dette er ein fin måte å lære historie på, og her var fleire karakterar som gjorde inntrykk. Likevel kan eg ikkje heilt fri meg frå tanken om at det hadde vore meir interessant med ein sjølvbiografi enn med denne romanen med klart sjølvbiografiske trekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar