lørdag 2. mai 2015

Roseaksjon 2. mai 2015

I dag var det avspark for valkampen, og Eldstejenta og eg stilte opp sidan eg er listefyll på årets kommunevalsliste. Vi delte ut roser til dei som ville ha, og det var eit hyggeleg avbrekk for oss som elles sit med tentamensbunkar og eksamenslesing. Det blir ekstra kjekt å stille opp i valkampen med Eldstejenta ved sida mi, det må innrømmast.

I morgon skal Veslejenta konfirmerast, men det tek vi med relativt knusande ro, sidan vi feira førre helg. Det ser ut til å bli ein kald, men vakker dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar