fredag 1. mai 2015

1. mai i Volda

I dag reiste Eldstejenta og eg til Volda, der vi tok del i eit interessant og sosialt arrangement i tilknyting til 1. mai. Eldstejenta heldt ein flott appell på vegner av AUF, og det er ikkje fritt for at mora vart noko stolt. Det var fleire talarar, men hovudtalar var fylkesordførar Jon Aasen, som vi nyleg høyrde tale ved eit anna arrangement. Han er ein dyktig talar, og det var dei andre som deltok òg.



Etter arrangementet gjekk vi på kinarestaurant og åt middag saman, før Eldstejenta og eg for heim. Dei to yngste er i bursdagsselskap, så det gjorde ikkje noko at vi hadde ete middag utan dei - tvert imot.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar