tirsdag 13. oktober 2015

Flinkis

To dagar på skulebenken, og eg har lært mykje. først og fremst har eg fått kjenne skikkeleg på kroppen korleis det er elev. Eg har vore fylt av ærefrykt når lærarane var flinke og kunnskapsrike, eg har syntest noko var keisamt og eg har grua meg for å ha framføring. På tampen av dagen i dag lærte eg mange nyttige triks når det gjaldt utforming av akademiske oppgåver, og då eg kom heim var eg så oppglødd at eg tok fatt i teksten eg har arbeidd med og fiksa den til med tekniske triks slik at den brått var såpass god at eg leverte den inn. Fristen for levering av utkast er om vel ein månad.

Frå studietida mi på 80- og 90-talet kan eg hugse dei kvinnene som tok utdanning i godt vaksen alder. Dei var alltid irriterande pliktoppfyllande og stressa, men dei gjorde det aldri så godt som oss ungdomane til eksamen.

3 kommentarer:

  1. Eg hugsar godt den tida gamlingane var 32.

    SvarSlett
  2. Og eg sette meg på skulebenken då eg var 45- og gjorde det like bra som ungdommane-så det så!

    SvarSlett