onsdag 2. mars 2016

Bok 16 2016: "Mørke rom" av Gillian Flynn

I denne kriminalromanen vert vi kjende med Libby Day, som i barndomen var vitne til at broren drap mora hennar og to systrer. Ein dag blir ho kontakta av ein organisasjon som meiner broren er uskuldig dømd, og Libby begynner å undersøke omstenda rundt tragedien. Ho tek dessutan kontakt med broren og faren sin, og livet vert aldri det same igjen.

Eg likte denne boka godt, spesielt fordi Libby var ein karakter ein kunne få sympati for. Handlinga er noko original, og løysinga litt søkt, men alt i alt var dette god underhaldning.

2 kommentarer:

  1. Kjekt at du likte boka betre enn eg. Det er alltid ein fordel å lese bøker nokonlunde i samanheng. Eg må innrømme at eg har gløymt løysinga......Og alle bøker er sletta frå maskina.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg sende deg løysinga i kortversjon på chat - kan ikkje spoile her!

      Slett