I dag feira Mamma, eg og dei to yngste ungane 1. mai i Volda, på den måten eg ser på som tradisjonell. Vi var på fest på Samfunnshuset og høyrde talar og appellar ved Else May Botten, Petter Eide, SU og Amnesty. I tillegg var det musikkinnslag ved Jorunn Kvernberget, allsong, kaffi og kaker. Det var mange frammøtte, og nytt av året var det at folk i Hornindal var inviterte. Der var òg fleire frå Ørsta utanom Mamma.
|
Talarar og appellant |
|
Fullsett sal |
|
Programleiar Ingrid Opedal |
Etter feiringa på Samfunnshuset for vi på kinarestaurant og åt eit voldsomt måltid der. Det vart ei god avslutting på ein fin dag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar