lørdag 28. desember 2019

Romjul 2019

Når julaftan var ferdigfeira, vart det seint på natt før ungane hadde spelt frå seg brettspel og kortspel. Første juledag vart dermed noko kort, men vi rakk å gå ein tur før vi varma opp restar frå julemiddagen. Det hadde allereie begynt å mørkne att då vi gjekk ut. Eg laga ei kake, elles vart det lite gjort utanom å ete, slappe av, spele spel og sjå litt serie.

Andre juledag var vi i Ørsta i familieselskap, slik tradisjonen har vore i min familie.

Tredje juledag var dei to mellomste attende på jobb, og Eldstejenta reiste til Oslo att. Ho og eg gjekk oss ein tur før middag, etter å ha køyrt Minstemann på kaia. Han skulle til Ørsta for å besøke nokre kompisar der, og det vart til at han overnatta.

I dag er det fjerde juledag. Dei to mellomste var på jobb i dag òg, så eg vart aleine heime. Då nytta eg høvet til å rydde, støvsuge, vaske klede og liknande, og eg for ein tur til Eid for å handle. Etter kvart kom arbeidarane heim, og då fekk dei servert lasagne med salat, noko som slo godt an.

Etter middag somna vi på sofaen alle tre. Storegut stakk så for å møte nokre kompisar, medan eg og den sovande Veslejenta slappa av vidare, såg litt serie og liknande.

Ute har det vore ein del vind siste døgnet, og eg er svært letta og glad for at Eldstejenta kom seg vel fram på flyturen. Det blir heldigvis ikkje så veldig lenge før ho kjem att denne gongen, og Storegut har òg tenkt å kome heim når Minstemann skal delta i sin første skulemusikal i februar.

Dette er siste kvelden vår saman denne juleferien, og det har vore ei fin ferieveke på alle måtar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar