lørdag 11. september 2010

Lola

Eldstejenta har hybelkatt. Sidan ho skulle hit i helga, måtte katten òg få vere med. Den er utruleg søt og sjarmerande, slik kattungar flest er. Sjølv er eg meir ein hundeperson, men leikande kattungar er noko for seg sjølv. Akkurat slik som Eldstejenta. Det er kjekt å ha dei begge i hus - vi rakk akkurat å vaske ferdig til dei kom, og no står middagen i omnen. Eldstejenta seier det er kjekt å kome heim og få skikkeleg mat, og då reknar eg med det er Toro-lasagne ho meiner.

1 kommentar:

  1. Lola ser veldig søt ut. Eg er absolutt eit kattemenneske, men likar hundar også.

    SvarSlett