torsdag 4. april 2013

Bibellesarane

Minstemann fekk seg Bibel for ei tid sidan, som fleire av dykk vil hugse. Etter det forventa han at Mora skal lese boka frå perm til perm, noko ho er truande til. Det er ei forkorta utgåve, og eg synest det er flott at guten får lære dei gamle forteljingane.

No viser det seg at Bibelen er langt meir valdeleg og skummel enn eg hugsa frå barndomen. Guten har lytta storøygd til forteljingar om massedrukning, omskjering og menneskeofring. Ein av heltane i forteljingane lyg til faren om at han er tvillingbroren, som han i tillegg kler seg ut som. Idéen fekk han frå mor si. Sønene hans puttar den yngste broren i ein tom brønn (skummelt å tenkje på for ein Minstemann) før dei sel han til forbipasserande kjøpmenn.

Vi kosar oss med dei grusomme historiene, og det gjer også katten LOL(a) , som elskar høgtlesing på sengekanten.

2 kommentarer:

  1. Du hugsar det nok ikkje, men eg las desse fortellingane då de var små også.I tillegg fekk de høyre dei på skulen. Mykje god og spennande litteratur i GT. Og språket vårt inneheld mange ord med opphav iBibelen, t.d. Uriaspost, syndebukk og mange andre. Gler meg til de skal lese om David og Batseba!

    SvarSlett
  2. Eg hugsar nokre små hefte med forteljingar i, med enkle og fargerike illustrasjonsteikningar. Dei hadde titlar som "Mannen som ble slukt av en fisk" og liknande. God underhaldning!

    SvarSlett