fredag 8. oktober 2010
Tur til Eggestøylstuva (480 moh) og Storlidheida (570 moh)
I dag fekk eg med meg alle fire avleggarane på ein liten fjelltur. Vi rasta på Eggestøylstuva, og så gjekk Eldstejenta og eg vidare til Storlidheida. Ein fin tur med nydelege haustfargar, varm sol og vindstille. Utsikta må nesten opplevast.
torsdag 7. oktober 2010
Bok 51 2010: "Bernhard Hvals forsnakkelser" av Lars Saabye Christensen
Av og til har ein flaks. Eg mangla Internett i ein periode, og då dumpa det ei bokklubb-bok ned i postkassa fordi eg ikkje hadde fått avbestilt i tide. Og FOR ei bok! Hovudpersonen er litt i litterær slekt med Elling; ein merkeleg fyr ein blir nysgjerrig på frå første side av. Han kallar seg sjølv "kantete", noko som viser til at han ikkje passar inn i storsamfunnet. Handlinga er litt sær, men det er først og fremst personane som er spennande. Eg les på nettet at LSC fekk idéen til å skrive boka etter å ha kome over ein tekst om Notto Fipp i eit bokantikvariat. Bernhard Hval er legen som interesserer seg for den sære Fipp, som går frå Oslo til Evje og attende. Boka handlar mykje om forholdet mellom desse mennene, og om ekteskapet mellom Hval og kona.
Eg vart fenga frå første avsnitt - dette var ei av årets beste leseopplevingar så langt!
Eg vart fenga frå første avsnitt - dette var ei av årets beste leseopplevingar så langt!
onsdag 6. oktober 2010
Ikkje så farleg om det regnar ein dag
I dag skulle Minstemann til tannlege 9.15, så vi var tidleg på hjul. Effektiv som eg er, hadde eg bestilt frisørtime like etter tannlegetimen. To nødvendige ærend i løpet av ein time er ikkje verst? Etterpå var vi på sal på sportsbutikken, før vi reiste til Ørsta og heldt fram shoppingrunden der. Minstemann måtte få lego i tannlegepremie, elles vart det mest handling av klede og skor. Vi fekk deilig middag i Starevegen, der også Nevø 1 var middagsgjest.
Då vi kom heim, fann eg ut at eg skulle gå tur til Folkestad, der Eldstejenta hadde sett frå seg sykkelen. Planen var altså å gå til Folkestad og sykle heim, men då eg kom fram til sykkelen, vart det så mørkt at eg heller gjekk heimatt òg. 18000 skritt vart det, og då var eg klar for eit herleg krabbemåltid medbragt frå Ørsta. I kveldinga ser vi film og et popcorn - det er koseleg å vere alle samla i heimen!
tirsdag 5. oktober 2010
Knerten gifter seg
På søndag vart som kjent kinoplanane våre endra på grunn av brann. I dag hadde vi først ein roleg dag med kompisbesøk for Minstemann medan jentene var hos naboen, og så tok vi oss ein enkel middag før vi reiste til Volda. Eldstejenta vart med, og så lånte vi med oss eit par naboungar i tillegg til mine to yngste. I fjor vart vi begeistra over den første Knerten-filmen, og eg trur eg vart nesten like begeistra denne gongen. Godt skodespel, morosame effektar og ei spennande historie! Også denne gongen er her ein herleg scene som viser til ein kjend film, nemleg den der filmen som eg ikkje kjem på tittelen på... Om dei to kvinnene som rømer frå politiet fordi dei har drepe ein mann etter eit valdtektsforsøk... Tittelen var namnet på dei to kvinnene.... No kjem eg til å irritere meg grøn til eg får tips på ein kommentar! Hjelp meg!
I kveldinga fekk eg snike til meg ein liten gåtur i regn og vind før eg kjørte ut på Folkestad og henta Storegut, som har vore i Molde sidan laurdag saman med ein kompis. Det merkast i heimen at alle er samla, med høglydt song og dans til langt på kveld.
15 minutt seinare: googla "film +voldtekt +flukt +bil", og då dukka tittelen opp: "Thelma og Louise".
I kveldinga fekk eg snike til meg ein liten gåtur i regn og vind før eg kjørte ut på Folkestad og henta Storegut, som har vore i Molde sidan laurdag saman med ein kompis. Det merkast i heimen at alle er samla, med høglydt song og dans til langt på kveld.
15 minutt seinare: googla "film +voldtekt +flukt +bil", og då dukka tittelen opp: "Thelma og Louise".
mandag 4. oktober 2010
Kom sommarvind
Dagens vesle gladnyheit herifrå er inga stor hending, men den kjem til å bringe oss mykje glede framover. Eg har nemleg hatt eit særs føremålsteneleg mannabesøk; to kjekke karar kom og installerte varmepumpe. Dette har eg sett fram til lenge - eg er nemleg ein skikkeleg "frostpist".
søndag 3. oktober 2010
Den dagen brannstasjonen brann...
Planen i dag var å reise til Volda for å gå på kino og hente Eldstejenta. Litt etter klokka 13 var eg innom Facebook, og der var mange statusar prega av at noko heldt på å skje i Volda, og etter kvart fekk eg det bekrefta: det var brann i brannstasjonen, av alle stader! I og med at brannstasjonen er næraste nabo til kinosalen, droppa vi filmplanane og henta Eldstejenta tidlegare på dag. Slik fekk vi god tid til å lage søndagsmiddag.
Eg kjøper ofte svinekotelettar, men lagar dei til på min eigen måte, ved å steike dei lett og deretter ettersteike dei ein halvimes tid i eldfast form med grønsaker, krydder og ein "liten skvett" fløyte (= om lag 2,5 dl). Med poteter og brokkoli til smaka det slett ikkje verst, om eg må seie det sjølv. No skal det innrømmast at eg ikkje på nokon måte er kokken i familien, men kokkelerer etter innfallsmetoden. Det plar gå bra, berre det er lenge nok sidan frokost.
Etter middag vart det ytra ønske om bollebaking. Dei to små og eg laga deig, deretter gjekk eg tur i halvannan time - akkurat lenge nok til å kome heim for å assistere med steiking. Inspirert av Systa fylte vi bollane med vaniljekrem, sjokolade og "ja takk, begge delar". Sistnemnde vart ein noko "heavy" variant, men dei gjekk ned på høgkant til kvelds.
Når Eldstejenta er heime, betyr det òg at vi har katt i hus. Lola er verdas mest sjarmerande kattunge, og ho er reinsleg og grei å ha i hus. Favorittplassen hennar er glaskarmen i stova, der ho ligg og ser på haustlauv som fyk forbi utanfor ruta. Vi hadde forresten eit svare strev med å få tak i katten då vi skulle reise frå Volda, for ho hadde stukke av ut og fått smaken på utelivet. Vanlegvis er ho berre hybelkatt, og ho får noko meir action her enn ho er van med.
Eg kjøper ofte svinekotelettar, men lagar dei til på min eigen måte, ved å steike dei lett og deretter ettersteike dei ein halvimes tid i eldfast form med grønsaker, krydder og ein "liten skvett" fløyte (= om lag 2,5 dl). Med poteter og brokkoli til smaka det slett ikkje verst, om eg må seie det sjølv. No skal det innrømmast at eg ikkje på nokon måte er kokken i familien, men kokkelerer etter innfallsmetoden. Det plar gå bra, berre det er lenge nok sidan frokost.
Etter middag vart det ytra ønske om bollebaking. Dei to små og eg laga deig, deretter gjekk eg tur i halvannan time - akkurat lenge nok til å kome heim for å assistere med steiking. Inspirert av Systa fylte vi bollane med vaniljekrem, sjokolade og "ja takk, begge delar". Sistnemnde vart ein noko "heavy" variant, men dei gjekk ned på høgkant til kvelds.
lørdag 2. oktober 2010
Tur i fjøra, og til naboen.
Veslejenta og venninna sykla til Folkestad for å gå på butikken, og etter kvart leika alle ungane fint ilag borte hos nabo T, medan vi mødrene prata og drakk kaffi. Gutane snekra monstertruck og jentene spikka - målet deira var først å lage sagmask til kaninburet, deretter å lage ein "Knerten". Ingen av produkta vart ferdige, men dei hadde det kjekt.
fredag 1. oktober 2010
Ein litt annleis fredag på jobb
Skulen eg arbeider ved fyller 100 år i år, noko som skal markerast stort i veke 45. I dag skulle heile personalet fotograferast, og det var ingen enkel jobb! Mediaeleven som var utskremd i dette høvet, er ein flink kar, men det hjelp lite når ein har med ein slik materie å gjere. Personleg er eg til dømes motstandar av at folk som ikkje er så høge alltid må stå framme saman med rektor og resten av leiinga, som ein "wannabe avdelingsleiar".
Og apropos rektor; i dag hadde vår nye rektor sin første dag på jobb, noko vi feira med kaker i lunsjen. Han sa nokre velvalde ord, gav blomar til ass rektor som har fungert i stillinga hans og fekk mykje applaus. Vi har store forhåpningar til den nye sjefen.
Dagen elles har vore noko prega av at det er siste dagen før ferien, og eg nyttar høvet til å ønske både kollegaer og elevar ein fin ferie med rikeleg tid til avkopling og kos.
Og apropos rektor; i dag hadde vår nye rektor sin første dag på jobb, noko vi feira med kaker i lunsjen. Han sa nokre velvalde ord, gav blomar til ass rektor som har fungert i stillinga hans og fekk mykje applaus. Vi har store forhåpningar til den nye sjefen.
Dagen elles har vore noko prega av at det er siste dagen før ferien, og eg nyttar høvet til å ønske både kollegaer og elevar ein fin ferie med rikeleg tid til avkopling og kos.
torsdag 30. september 2010
Bok 50 2010: "Gösta Berlings saga" av Selma Lagerlöf
Av og til finn eg ut at eg skal lese ein "klassikar", og denne gongen prøvde eg meg på ein gammal svensk nobelprisvinnar. Er eg imponert? Stilen er i aller høgste grad avleggs, med oppkonstruert syntaks og halvvegs realistisk handling ispedd eventyr. Eg skjøna meg ikkje heilt på boka, men kunne setje pris på nokre av historiene. Dei spinn rundt eit herregardsmiljø i Värmland, der Berling er ein prest som vert avsett på grunn av fyll og lever som "kavaler". Han sjarmerer fleire kvinner på sin veg, og mange av historiene handlar om dette. Boka tok seg litt opp etter kvart som eg vart meir van med stilen, og eg synest det er kjekt å ha fått litt meir innsikt i svensk kulturhistorie.
Sollidheida (570 moh) og Kornbergveten (577 moh)
I dag var eg supereffektiv på jobb, og eg jobba ganske mykje i går kveld òg, så det vart mogleg å ta 14-ferja heim og gå ein fjelltur før det mørkna. Å gå tur i fjella mellom Folkestad og Dalsfjorden er veldig fint; denne gongen svinga eg mot Kornbergveten i staden for mot Kyrshovudet, og på vegen ut til Veten passerte eg mellom anna Sollidheida. Ein flott tur på nok ein fantastisk haustdag! Einaste turkamerat i dag var Henning - eg fekk høyrt ferdig nesten tre av 18 cd'ar i ei ny og spennande lydbok...
Då eg kom ned på skogsvegen att, møtte eg heile fem personar med våpen - sjølv "skyt" eg berre med kamera, og eg jaga vel alt som var av hjort i området.
Då eg kom ned på skogsvegen att, møtte eg heile fem personar med våpen - sjølv "skyt" eg berre med kamera, og eg jaga vel alt som var av hjort i området.
onsdag 29. september 2010
Tur til "Sanden" og "Litlebøvatnet"
Nabo T, eg og tre av gutane våre kjørte i dag inn i Dalsbygda, der vi først var inne på "Sanden" (der er ingen sand, så eg skjønar ikkje kvar namnet kjem frå) og deretter oppe ved "Litlebøvatnet" (Lisjebøvatnet). Det var nok ein herleg haustdag med sol og klår luft, og vi hadde det skikkeleg koseleg saman - i alle fall heilt til Minstemann vassa seg ut i vatnet og vart våt på buksa og i støvlane. Nabo T er godt kjend, og eg fekk tips om mange nye turmål både for store og små. La oss håpe vi kan få gått litt tur i ferien!
tirsdag 28. september 2010
Bok 49 2010: "Samson og Roberto - Arven etter onkel Rin-Tin-Tei" av Ingvar Ambjørnsen
Eg er stor fan av Elling-bøkene til Ambjørnsen, og nokre av dei seinare bøkene hans. Ved eit bibliotekbesøk fann eg ut at eg skulle prøve meg på ei barnebok av denne forfattaren, som må vere ein av dei eg minst assosierer med rolla som barnetimeonkel. Boka handlar om ein hund og ein katt som arvar eit pensjonat og dermed bestemmer seg for å bli "pensjonistar". Problemstillingar om oppussing, økonomi og skattemyndigheiter kan vere noko uforståelege for små born, men dei ulike dyra som er med har tydelege og morosame karaktertrekk som gjer at handlinga er morosam likevel. Minstemann valde seg ut eit par roller han ville lese, medan eg las resten. Vi måtte finne passande stemmer og dialektar for dei ulike typane, som til dømes den skotske poet-moldvarpen og den hyperaktive oteren, og vi hadde mykje moro medan det stod på. Ei god barnebok bør vere godt lesestoff for den vaksne òg, det er no mi meining. Nokon tydeleg moral finn eg ikkje, anna enn at ein kan leve i ein slags harmoni med kvarandre sjølv om ein er ulike. Vi får lese resten av serien og sjå om vi blir like begeistra...
Kosetysdag med Minstemann
Krava er ikkje få når Minstemann skal ha kosetysdag med mora si. Først skal det vere rett-i-koppen-suppe, og i dag var kravet "fiskesuppe med skalldyr". Til dessert ville han ha noko nytt eg hadde handla inn, nemleg havregraut med eple og kanel. Enkelt og greitt, rett i mikroen, og med ein skvett mjølk på. Etter dette herremåltidet las vi bok fram til barne-tv, då han ville ha noko å "kose oss med". I dag var det vannbakkels med vaniljefyll, kjøpt inn av nysgjerrigheit. Veldig gode, forresten! Resten av kvelden har vi lese, fyrt i omnen, tent stearinlys og kosa oss med te og peparkaker, av alle ting.
Han takka nei til nybaka grovbrød til kvelds.
Han takka nei til nybaka grovbrød til kvelds.
mandag 27. september 2010
La deg bevege (og kvil etterpå)
Etter jobb i dag for Eldstejenta og eg på "Tren" for å ta i bruk vår flunkande nye familiemedlemsskap. Vi er ikkje nøydde til å trene samtidig, altså, viss nokon trudde det., men det er no artigare når ein er to. Først rodde vi 2 kilometer. Det var eigentleg litt kjekt, men eg er litt usikker på kva effekt det kan ha for armane/ryggen. På skritt-teljarane (eg går framleis med to) hadde det ingen effekt, så eg var meir motivert for tredemølla, der vi sette av garde og gjekk (eg) og jogga (Eldstejenta) om lag 7 km. Deretter kjøpte vi oss sunn middag og drog heim på hybelen hennar.Seinare i kveld vart det ein visitt på Høgskulen for min del. Det er Forskingsdagar, og vi fekk høyre Marie Ø Sørbø forelese om filmatiseringar av Jane Austen-romanane. Inspirerande og kjekt med fagleg påfyll!
Det kjem vel med no i kveldinga at Mamma gav meg to nye sofaputer som ho har sydd av ei gardinlengde. Putene viser klokker med tidspunkt i Sydney, London, Paris m.m., så det er lett å drøyme seg vekk.
søndag 26. september 2010
Kyrshovudet (573 moh)
Etter fotballkampen i dag gjekk Nabo N og eg ein tur på Kyrshovudet. Der er lett og fint å gå langs ei rad små toppar mellom Folkestad og Dalsfjorden, med mykje sol og flott utsikt. Og så er det så kjekt å snakke ilag!
Bok 48 2010: "Slumdog Millionaire" av Vikas Swarup
Swarup er ein indisk diplomat som i 2005 debuterte med romanen "Q and A", som seinare fekk tittelen "Slumdog Millionaire" etter at filmen med den tittelen vart ein enorm suksess. På norsk er tittelen "Gutten som hadde svar på alt" - slett ikkje den beste tittel eg har høyrt. Utgangspunktet for romanen er at ein ung kelner vert arrestert, mistenkt for juks, etter å ha vunne ein milliard rupi i eit TV-show. Komposisjonen er genial; gjennom eit forhøyr får vi tilbakeblikk frå livet til kelneren, slik at vi får forklaringar på kvifor og korleis han har svara som han gjorde. Historiene er gripande, romantiske og humoristiske - etter mitt syn er dette ein roman som har det meste, og det er det beste eg har lese på lenge.
Filmen er skodd over nokolunde same lest, men er svært ulik. Nokre av handlingane kjem att i filmen, men det meste er heilt annleis. Den er dessutan meir kronologisk i tilbakeblikka enn romanen er. I og med at dei er såpass ulike, bør ein sjå på romanen og filmen som to sjølvstendige, frittståande verk med kvar sine kvalitetar, og ikkje først og fremst tenkje på filmen som ei filmatisering. Det er den strengt tatt ikkje.
Filmen er skodd over nokolunde same lest, men er svært ulik. Nokre av handlingane kjem att i filmen, men det meste er heilt annleis. Den er dessutan meir kronologisk i tilbakeblikka enn romanen er. I og med at dei er såpass ulike, bør ein sjå på romanen og filmen som to sjølvstendige, frittståande verk med kvar sine kvalitetar, og ikkje først og fremst tenkje på filmen som ei filmatisering. Det er den strengt tatt ikkje.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



