tirsdag 28. september 2010

Kosetysdag med Minstemann

Krava er ikkje få når Minstemann skal ha kosetysdag med mora si. Først skal det vere rett-i-koppen-suppe, og i dag var kravet "fiskesuppe med skalldyr". Til dessert ville han ha noko nytt eg hadde handla inn, nemleg havregraut med eple og kanel. Enkelt og greitt, rett i mikroen, og med ein skvett mjølk på. Etter dette herremåltidet las vi bok fram til barne-tv, då han ville ha noko å "kose oss med". I dag var det vannbakkels med vaniljefyll, kjøpt inn av nysgjerrigheit. Veldig gode, forresten! Resten av kvelden har vi lese, fyrt i omnen, tent stearinlys og kosa oss med te og peparkaker, av alle ting.

Han takka nei til nybaka grovbrød til kvelds.

1 kommentar:

  1. Når ein er nummer fire i flokken kan det sikkert vere kjekt å få vere "enebarn" innimellom.

    SvarSlett