torsdag 30. september 2010

Bok 50 2010: "Gösta Berlings saga" av Selma Lagerlöf

Av og til finn eg ut at eg skal lese ein "klassikar", og denne gongen prøvde eg meg på ein gammal svensk nobelprisvinnar. Er eg imponert? Stilen er i aller høgste grad avleggs, med oppkonstruert syntaks og halvvegs realistisk handling ispedd eventyr. Eg skjøna meg ikkje heilt på boka, men kunne setje pris på nokre av historiene. Dei spinn rundt eit herregardsmiljø i Värmland, der Berling er ein prest som vert avsett på grunn av fyll og lever som "kavaler". Han sjarmerer fleire kvinner på sin veg, og mange av historiene handlar om dette. Boka tok seg litt opp etter kvart som eg vart meir van med stilen, og eg synest det er kjekt å ha fått litt meir innsikt i svensk kulturhistorie.

3 kommentarer:

  1. Eg har fleire gonger reist forbi godset til Selma Lagerløf utan å gå inn.Og så vidt eg veit har eg aldri lese noko av henne.

    SvarSlett
  2. Eg las "Keiseren av Portugalia" då eg tok grunnfag og likte den godt. Har mange gonger tenkt at eg skulle lese "Gösta Berlings saga" også, så det er vel nr 103 ca i bunken av bøker eg skal lese ein gong... :0)

    K

    SvarSlett
  3. Eg burde ha lese meir OM boka før eg las den - det same tenkte eg då eg hadde lese "Brødrene Karamasov". Somme bøker krev litt meir førekunnskap.

    SvarSlett