torsdag 30. september 2010

Sollidheida (570 moh) og Kornbergveten (577 moh)

I dag var eg supereffektiv på jobb, og eg jobba ganske mykje i går kveld òg, så det vart mogleg å ta 14-ferja heim og gå ein fjelltur før det mørkna. Å gå tur i fjella mellom Folkestad og Dalsfjorden er veldig fint; denne gongen svinga eg mot Kornbergveten i staden for mot Kyrshovudet, og på vegen ut til Veten passerte eg mellom anna Sollidheida. Ein flott tur på nok ein fantastisk haustdag! Einaste turkamerat i dag var Henning - eg fekk høyrt ferdig nesten tre av 18 cd'ar i ei ny og spennande lydbok...


Då eg kom ned på skogsvegen att, møtte eg heile fem personar med våpen - sjølv "skyt" eg berre med kamera, og eg jaga vel alt som var av hjort i området.

1 kommentar:

  1. Eg er imponert over aktivitetsnivået! Vi les nok på same bok, og du vert nok først ferdig. Eg har to på gang samtidig. MP3-lydbok om dagen ...

    SvarSlett