mandag 27. september 2010

La deg bevege (og kvil etterpå)

Etter jobb i dag for Eldstejenta og eg på "Tren" for å ta i bruk vår flunkande nye familiemedlemsskap. Vi er ikkje nøydde til å trene samtidig, altså, viss nokon trudde det., men det er no artigare når ein er to. Først rodde vi 2 kilometer. Det var eigentleg litt kjekt, men eg er litt usikker på kva effekt det kan ha for armane/ryggen. På skritt-teljarane (eg går framleis med to) hadde det ingen effekt, så eg var meir motivert for tredemølla, der vi sette av garde og gjekk (eg) og jogga (Eldstejenta) om lag 7 km. Deretter kjøpte vi oss sunn middag og drog heim på hybelen hennar.

Seinare i kveld vart det ein visitt på Høgskulen for min del. Det er Forskingsdagar, og vi fekk høyre Marie Ø Sørbø forelese om filmatiseringar av Jane Austen-romanane. Inspirerande og kjekt med fagleg påfyll!

Det kjem vel med no i kveldinga at Mamma gav meg to nye sofaputer som ho har sydd av ei gardinlengde. Putene viser klokker med tidspunkt i Sydney, London, Paris m.m., så det er lett å drøyme seg vekk.

2 kommentarer:

  1. Fine puter! Trudde Olaug ikkje var så god venn med symaskina, så no vart eg imponert!

    SvarSlett
  2. Hilde! Eg er ikkje glad i å sy, men ei pute kan eg greie å få i hop. Den lengda var nok ekstra lang, sidan der vart nok stoff til fire store puter. Eg har eit lite problem når eg ligg på mine: eg føler at discmanen min ligg attmed meg på puta. Det er alle desse klokkeskivene....

    SvarSlett